Teater Manu: Hamlet
Billettar
Om arrangementet
Noreg, 1905. Unionen med Sverige er oppløyst, og landet står framfor ei ny tid. I ein familie prega av den brå døden til faren prøver alle å finne vegen vidare. Hamlet mistar fotfestet når mora Gertrude søkjer trøyst hjå Claudius, bror til faren. Sjølv kjenner han at han må ta faren sin plass. Medan dei andre prøver å gå vidare, veks mistanken hans: Kven kan han stole på?
I denne versjonen av Shakespeare sin Hamlet blir historia fortald nesten utan ord. Rørsle, bilete og lyd ber handlinga, medan visne blomar og falma fargar gjer sorga til familien synleg. I ein heim som sakte forfell, glir minne, frykt og verkelegheit over i kvarandre.
Hamlet er ei nær forteljing om ei mor og ein son, bunde saman av kjærleik og splitta av sorg. Kva må me gje slepp på for å kome vidare?
Av: William Shakespeare
Bearbeiding og regi: Ramesh Meyyappan
Med: Romel Belcher, Ipek D. Mehlum og Ronny Patrick Jacobsen
Scenografi og kostyme: Lars Otterstedt
Lysdesign: Erik Hedin og Martin Myrvold
Forestillinga varar ca 1 time.
