Teater Manu: "De siste"

Om arrangementet

Av Lars Otterstedt.

Ei forestilling om retten til å vere den ein er!

Kva skjer når eit samfunn bestemmer at nokon sine liv er for kostbare, og må fjernast?

Ikkje gjennom open vald.
Men gjennom stramme løysingar. Effektivitet. Velvilje.

Me lever i ei tid der menneske på flukt blir jaga og deportert av myndigheiter som Immigration and Customs Enforcement (ICE) i USA.
Der Russland invaderer Ukraina.
Der krigen og den humanitære katastrofen i Midtausten eskalerer.

System som kontrollerer, sorterer og definerer kven som får bli, og kven som må bort.

I denne forestillinga er det ikkje bomber som fell.
Det er noko langt meir effektivt.

Ein kur!

I ei nær framtid kollapsar verdsøkonomien. Ein ny samfunnsorden veks fram, der alt handlar om å kutte kostnader og gjenopprette kontroll.

Løysinga er radikal:
Ein kapsel som “kurerer” funksjonsvariasjonar.

Alle får kort tid på seg til å ta den frivillig.
Deretter blir det tvang.

Over heile verda blir kapslane tatt.
Kroppar blir endra. Sansar blir “gjenoppretta”.

Men for mange døve blir ikkje dette opplevd som ein kur, men det er eit tap av språk, kultur og identitet. På verdas siste kulturfestival for døve velgjer fire unge å flykte. Dei nektar å la seg endre.
På veg mot ein mogleg fristad havnar dei i grøfta, åleine i skogen. Samtidig nærmar dronene seg.

Kvifor har akkurat desse fire valgt kvarandre?
Kva bitt dei saman, og kva trugar med å splitte dei?
Finst det framleis stader å gøyme seg, eller er alt allereie kontrollert?

Dette er ikkje berre ei historie om døve.

Det er ein case på korlsie samfunn handterar ulikskapar:
Fyrst marginaliserer me.
Så definerer me problemet.
Til slutt “løyser” me det.

Kvar går grensa for kva me aksepterer før det ikkje lenger finst plass til oss sjølve?


Regissør: Josette Bushell-Mingo
Dramatiker: Lars Otterstedt
Dramaturg: Mari Moen

Stemmeskodespelar: Marit Synnøve Berg

Manuset er utvikla med stønad frå Dramatikkens hus.



Frå stykket:

AMAR: Men kvifor? Kvifor gjev du opp? Kvifor gjev de opp? Saman kan me krevje våre rettar, vårt språk ... Eg forstår ikkje!

ESTER: Ja ... men kven er me som ikkje skal ta desse kapslane? Kapslane er løysinga på den globale økonomiske kollapsen. Kven vil stå utanfor den kollektive løysinga? Til og med den hyggelege og vennlege kassadama på supermarknaden, som har lært seg å teikne litt, forventar at eg skal ta kapselen.

AMAR: Men det er jo sjølvmord! Folkemord!