Stoltenberg - Facing war

Om filmen

Originaltittel: Facing War

Premiere: 2025-04-04

Varighet: 1t 42min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: 12 år/ Ungdom/Vaksne

Originalspråk: Norsk, Engelsk

Regissør: Tommy Gulliksen

- Filmen om Stoltenbergs siste år er internasjonal toppklasse (5) Dagsavisen

- Tankevekkende, fengslende og rørende portrett (5) Filmmagasinet Ekko - Spennende, severdig og viktig dokumentasjon (5) Aftenbladet - Unikt og åpent bilde i avgjørende tidsepoke (5) Nettavisen - Sjeldent innblikk i storpolitikkens indre liv (5) Cinema - Tett på toppen (5) VG Med tilgang til dei innarste sirklane i NATO, blir me tatt med inn i maktspelet mellom verdsleiarar som Biden, Zelenskyj, Erdogan og Orbán. Me får eit sjeldan innblikk i diplomatiet og politikken i ei tid der tryggleik og framtid står på spel, og me kjem tett på Jens Stoltenberg både privat og som NATO-leiar. Medan krigen i Ukraina rasar, overtalar USAs president Joe Biden Jens Stoltenberg til å ta endå eitt år til som generalsekretær i NATO. Under eit besøk i Kyiv, lovar Stoltenberg president Zelenskyj at alliansen skal stå ved Ukraina så lenge det er behov. Men, støtta frå dei allierte sviktar og dei politiske spenningane stig. Løftet heng i ein tynn tråd. Stoltenberg må navigere i dei politiske konfliktane og samle alle statsleiarane bak seg – alle vedtak i NATO må vere einstemmige. OM REGISSØREN: Tommy Gulliksen er journalist og filmskapar, og han starta karrieren i TV2 i 2003. Han har sidan regissert fleire dokumentarfilmar og -seriar, som «Da vi styrte landet» (2017), «En liten øy i verden» (2011), «Tilbake til Utøya» (2012) og «Arven etter 22. juli» (2021). I 2022 kom Karpe-dokumentaren «Vegg Vegg Vegg», og i 2023 hadde Gulliksen regi på dokumentarserien «Det hvite sinnet», om norsk høgreekstremisme. Gulliksen har vunne ei rekkje Gullruten-prisar dei siste femten åra.