Havets sølv, kystens gull - foredrag ved Per Helge Pedersen + Sild & øl

Om arrangementet

Foredrag med noko attåt!

I samband med minneutstillinga om Rolf Nesch, ynskjer me å sjå litt nærare på sjølve sildefisket og dette som inspirerte han til å lage dei velkjende verka sine.

Silda har vore ein av dei store eksportvarene frå Noreg gjennom historia. Vinterfisket etter vårgytande sild på Møre- og Nordlandkysten foregår frå januar til mars. Sjølv om bestanden av fisk kan vore sterkt varierande har sildefangst på Møre sidan 1950-talet vorte rekna som eitt av verdas største fiskeri.

Saman med Åge Olsen har forfattar Per Helge Pedersen gjeve si framstilling av historia til sildefisket. Det er forteljinga om dei mange tusen fiskarane som deltok på det årlege eventyret, utviklinga av fangstmetodar, reidskap og båtar og dei harde arbeidstilhøva og tragiske forlisa som skjedde på fiskefelta. Boka har fått tittelen «Havets sølv, kystens gull».

Til foredraget om sildefiske vil det bli servert 5 ulike typer sild i kanape-stil frå Kim Rudi sett saman med 5 smaksprøver frå Gøtt Øl frå Nesbyen. Lokale produsentar - som er dalens gull!

Det vil sjølvsagt også bli høve til å sjå Nesch-verka på Ål kulturhus denne kvelden.