Senioruniversitetet: Foredrag v/Trygve Thorson

Om arrangementet

Nøytral nødhjelp i ei polarisert verd

Krigar, konfliktar og naturkatastrofar skapar enorme humanitære behov. Krigens reglar blir ikkje respekterte - sjukehus blir angripe og helsepersonell drepe. Samstundes kuttar store gjevarland i sine nødhjelpsbudsjett, og i ein polarisert debatt blir bistanden politisert. Korleis navigerer humanitære organisasjonar i denne situasjonen? Er dei humanitære prinsippa om nøytralitet og upartiskheit framleis mogeleg å leva etter?

Trygve Thorson har over 10 års erfaring frå Legar Utan Grenser. Han har mellom anna jobba i DR Kongo, Jemen, Haiti, Sør-Sudan og på Middelhavet, og vore tilsett ved kontoret til organisasjonen i Oslo, Genève og Amsterdam. Trygve har bachelorgrad i sosialantropologi og statsvitskap frå NTNU og master i menneskerettar og humanitær innsats frå Sciences Po i Paris. Trygve er fødd og har vakse opp i Hemsedal. Han arbeider no som seniorrådgjevar i Den nasjonale støttegruppa etter 22. juli.


Foto: Marion Mossing / Legar Utan Grenser.