Senioruniversitetet: Foredrag v/Torbjørn Færøvik
Billettar
Om arrangementet
Ny kald krig mellom USA og Kina?
Etter at Trump på ny vart valt til president, er maktbalansen mellom USA og Kina endra. Forfattaren og historikaren Torbjørn Færøvik sitt foredrag vil
handle om Kina, og korleis Midtens rike forheld seg til USA og Vesten i vår tid.
Samtidig som USA sin politiske situasjon gradvis vert meir usikker, freistar Kina å finna tilbake til ei ny stordomstid, meiner Kina-ekspert Torbjørn Færøvik. I 2024 kom ei revidert utgåve av boka hans Midtens rike, og mykje har endra seg sidan boka vart utgitt første gongen. Kina er i ferd med å bli ei supermakt, både økonomisk og militært, og USA si dominerande stilling er utfordra. Samtidig er det på ingen måte gitt at landet vil kunne måle seg med USA, meiner han. Er dette starten på ein ny kald krig, - og korleis forheld kinesarane seg til USA og
Europa? Torbjørn Færøvik tek oss med gjennom Kina si historie og relasjonen til Vesten.
Torbjørn Færøvik (f. 1948) er journalist, historikar og forfattar og er ein av Norges fremste Kina-ekspertar. Han har fått Brageprisen tre gonger for bøkene sine om Kina og India.
