Senioruniversitetet: Foredrag v/Henning-A. Frantzen - NB! NY DATO!
Billettar
Om arrangementet
Forsvar og beredskap i urolege tider
Verda er i endring på mange felt samtidig: geopolitisk, økonomisk og teknologisk. Krig og konflikt har rykt nærare, forsvarsbudsjetta aukar og forsvarsevna blir forsterka. Europa må ta større ansvar innanfor NATO. Kva og kven er det me skal forsvare oss mot? Kva betyr dette for Noreg og Forsvaret? Og kva betyr globale endringar for lokalsamfunn?
Henning-A. Frantzen frå Ål er pensjonert generalmajor. Han har tenestegjort i Forsvaret sidan 1987, og har brei erfaring frå mange ulike oppdrag og avdelingar, m.a. i FN-styrkane i Bosnia-Hercegovina og Afghanistan. Han har solid utdanning, mastergrad og PhD frå King´s College i London, norsk stabsskole og Sjefskurset ved Forsvarets høgskole der han seinare var sjef og rektor. Frå 2021-2025 leia han arbeidet med utviklinga av regjeringa sin langtidsplan for forsvar. Den vart einstemming vedteken av Stortinget i 2024. I dag er Frantzen sjølvstendig næringsdrivande.
NB! Foredraget blir flytta til Sprang.
