Saltstien
Om filmen
Originaltittel: The Salt Path
Premiere: 2026-04-17
Varighet: 1t 55min
Sjanger: Drama
Aldersgrense: 6
Originalspråk: Original
Regissør: Marianne Elliott
SALTSTIEN fortel ei rørande historie om tap, kjærleik og om å finne attende til kvarandre når alt anna raknar.
Når ekteparet Raynor og Moth Winn mistar heimen sin og står att utan tryggleik eller framtidsplanar blir forholdet deira sett på prøve. Dei tek eit desperat, men modig val: å leggje ut på ei lang vandring langs den ville og vakre sørlege kyststripa i England – gjennom Cornwall, Devon og Dorset. Med begrensa middel, kun eit telt og det mest nødvendige i sekken, håpar dei at naturen kan gje dei trøyst, ro og ei kjensle av aksept. Langs den storslåtte kystlinja blir reisa både fysisk og emosjonelt krevjande. Kvart skritt er ein kamp, men også eit bevis på den veksande styrken og samhaldet deira. Undervegs finn dei attende til den djupe kjærleiken til kvarandre og til livet, langt unna moderne distraksjonar, tett på naturen og det heilt grunnleggjande ved å vere menneske. SALTSTIEN er ein varm og rørande film om eit langt samliv sett på prøve – og om at det aldri er for seint å finne attende til kvarandre, tenne ein ny gnist og skape ein heim, sjølv når alt anna er borte.
