Riksteateret: Ubesvart anrop
Billettar
Om arrangementet
Til ungdomen!
Ein knapp månad etter terrorangrepa 22. juli skal Rebekka byrje på vidaregåande. Ho kjenner ingen av dei som døydde, og tenkjer at ho burde greie å ta kvardagen attende. Ho prøver å engasjere seg i revyen, i Daniel med det krøllete håret, i festar og skule og vener. Problemet er berre at ho tenkjer på det heile tida.
«Ubesvart anrop» handlar om å leite etter meining i møte med det meiningslause. Om kor vanskeleg det kan vere å nå ut til kvarandre, og kor viktig det er når me får det til. Stykket er også ei historie om vennskap som held, og om at det finst vegar attende!
Når Riksteatret dramatiserer Nora Dåsnes sin prisløna teikneserieroman 15 år etter 22. juli, er målet å gje unge menneske håp og hjelp til å forstå eiga uro i møte med ei uroleg verd.
Med Hannah Adolfsen Fjeldbraaten, Amina Mohamud, Jawad Aziz, Arjan Nilsen og Christina Sleipnes.
------------------
Sagt om boka:
«Full av håp (...) en bragd»
VG (6)
«En bok som engasjerer, berører og får leseren til å reflektere rundt både kollektive, politiske samfunnsspørsmål og individuelle, eksistensielle spørsmål»
Vinner av Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris
------------------
På scena:
Maja Christensen, Amina Mohamud, Arjan Nilsen, Jawad Aziz og Christina Sleipnes
Team:
Regissør og dramatikar: Toril Solvang-Kayiambakis
Scenograf og kostymedesignar: Marcus Olson
Lysdesignar og videodesignar: Oscar Frostad Udbye
Komponist, lyddesignar og musikalsk ansvarleg: Ida Flåten Kampenhaug
Dramaturg: Liv Gulbrandsen
Produsent: Bastian Stabell
Av Nora Dåsnes. Dramatisert av Toril Solvang-Kayiambakis.
Forestillingslengde: 1 time 30 minutt (ingen pause).
Urpremiere: Oslo / Nydalen 17. sep 2026
Turnépremiere: Egersund 22. sep 2026
Produsert av Riksteatret
********************************************************************
"Ei av årets sterkaste teaterframsyningar (..) Har du ein plan om å senda ungdommen på teater i løpet av hausten, er det hit dei skal"
- NRK (5)
"Går rett i hjertet (...) går rett i hjertet på både målgruppa og oss andre." - Dagsavisen (5)
"Veien tilbake til hverandre" (...) "Ubesvart anrop lykkes med å vise at trygghet ikke nødvendigvis finnes i forsøket på å forstå alt alene, men i møtet med andre mennesker." - Vårt Land
"Et viktig minnearbeid, som jeg er glad for at Riksteatret sender på veien" - Aftenposten
