PUST
Billettar
Om arrangementet
PUST er ei norsk vokalgruppe som har prega den nordiske a cappella-scenen i over to tiår. Med røter i folkemusikk, jazz og vokalimprovisasjon, har dei utvikla eit uttrykk som er både nært og kraftfullt. Dei seks songarane i gruppa kombinerer tradisjon og nyskaping på ein måte som treff publikum på tvers av kulturar og landegrenser. PUST har gjeve ut seks kritikarrosa album, vorte nominert til fleire CARA Awards (ofte kalla “a cappellaens Grammy”), og vart nominert til Spellemannprisen – Norges gjævaste musikkpris - for debutalbumet “Femkant”. Julealbumet «Julero» har vorte ein kjær tradisjon for mange. Dei har opptrådt på NRK sitt program Beat for Beat, spelt på store festivalar over heile Europa, og sunge for publikum i Nidarosdomen og på Brandenburger Tor.
Musikkpressa omtalar PUST som “meditativt og dypt beroligende” (VG) og “blant de mest unike vokaluttrykkene du vil høre” (The Recorded A Cappella Review Board). Anten det er i storslåtte konserthus eller intime kyrkjerom, leverer PUST konsertar som lyftar fram stemma si uttrykkskraft og skapar rom for ro, nærleik og musikalsk magi.
