Pressure

Om filmen

Tittel: Pressure

Premiere: 2026-08-28

Varighet: 1t 40min

Sjanger: Thriller, Krigsfilm, Drama

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Original

Regissør: Anthony Maras

Andrew Scott og Brendan Fraser i ein nervepirrande thrillar om dei skjebnesvangre timane før D-dagen og avgjerda som kunne kosta dei allierte sigeren.

I dei dramatiske timane før D-dagen i 1944 står lagnaden til den frie verda på spel. General Dwight D. Eisenhower (Brendan Fraser) må, ved hjelp av meteorologen James Stagg (Andrew Scott) ta eit avgjerande val: Skal dei setje i gang den enorme invasjonen av Normandie, eller utsetje operasjonen og risikere at krigen tek ei katastrofal vending? Som sjefsmeteorologen hjå RAF leverer Stagg ei kritisk vêrmelding som varslar uvêr over Den engelske kanal. Det herskar stor usemje om prognosen som nok ein gong legg eit enormt press på Eisenhower: Er tilhøva gode nok til å sende tusenvis av soldatar ut i den største landgangsoperasjonen i historia? PRESSURE er ein intens og gripande thrillar basert på dei dramatiske 72 timane som leidde fram til D-dagen. Med sterke prestasjonar frå Brendan Fraser og Andrew Scott skildrar filmen den lagnadstunge avgjersla som skulle kome til å endre verdshistoria.