Opning av utstilling: Kjell Johannessen

Om arrangementet

Velkomen til opning laurdag 10. oktober kl. 14.00

«ETTER STENGETID» 
Kjell Johannessen - Keramisk skulptur og teikning

Sjølv om Johannessen arbeider i fleire materiale, mellom anna stål, marmor, granitt, betong og bronse, er det leire og steingods som har blitt hans fremste uttrykksmiddel. Særleg kjend er han for dei skulpturelle lysestakane sine, ofte med eit rått og monumentalt preg og detaljar inspirerte av barokken. I dei seinare åra har også teikning med kolstift vorte eit område for kunstnarleg utøvelse.

Utstillinga varer til 22. november

Arrangør: Ål kulturhus