One life

Om filmen

Originaltittel: One Life

Premiere: 2024-06-07

Varighet: 1t 49min

Sjanger: Krig, Drama

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Original

Regissør: James Hawes

One Life fortel den sanne historia om Sir Nicholas Winton, som redda meir enn 600 barn frå nazistane under andre verdskrigen. Nicky såg på seg sjølv som ein heilt vanleg forretningsmann, men fekk ein brutal vekkjar frå det trygge livet sitt då han i 1938 besøkte eit nyleg okkupert Praha. Der såg han korleis dei flyktande jødane vart behandla, og difor gjorde han det han meinte var det einaste rette, nemleg å gjere alt i si makt for å hjelpe. Krigen nærma seg, og det vart eit kappløp med tida. Kor mange barn kunne han setje fri før det var for seint? I 1988, 50 år seinare, er Nicky framleis heimsøkt av lagnaden til dei barna han ikkje greidde å redde. Ikkje før han på direktesendt tv vart overraska av dei overlevande, kunne han akseptere at det i møte med slike grufulle hendingar er ein siger å berre redde eitt einaste liv. James Hawes har tidlegare regissert ei rekkje prisvinnande tv-seriar og filmar, mellom andre Black Mirror, Enid og The Challenger Disaster, og har no samla eit stjernespekka cast til filmen One Life. Rollelista består mellom andre av Anthony Hopkins (Nattsvermeren, The Two Popes, Resten av dagen, The Father), Helena Bonham Carter (Harry Potter-serien, Fight Club, Kongens tale, Alice in Wonderland) og Jonathan Pryce (The Two Popes, Tomorrow Never Dies, The Crown og Brazil).