Mellom Dovre og Blaafjellet

Om arrangementet

Ei firehendig reise gjennom Grieg, Ibsen og Agathe Backer Grøndahl.

I Operalåven i Hallingdal får Mellom Dovre og Blaafjellet ein særleg klang. Her, tett på fjell, folkeminne og forteljartradisjon, inviterer Monica Tomescu-Rohde og Shannon Wettstein Sadler publikum inn i Peer Gynt si verd gjennom firehendig klaverspel, forteljing og visuelle stemninger. Grieg sin kjende Peer Gynt-musikk møter Agathe Backer Grøndahl sin gåtefulle suite I Blaafjellet, og saman opnar dei eit landskap av fjell, trollskap, humor, mørke og heimkomst. Dette er Peer Gynt ikkje som støvete nasjonalsymbol, men som eit menneske me kjenner att: ein som diktar seg større enn sanninga, og til slutt må møte seg sjølv.

Flygelet i Operalåven er eit 120 år gamalt nyrestaurert Steinway, som verkeleg skal få vist seg frå si beste side når desse to renommerte pianistane slår seg saman.