Málagagaten

Om filmen

Originaltittel: Calle Málaga

Premiere: 2026-11-13

Varighet: 1t 56min

Sjanger: Komedie, Drama

Aldersgrense: 6

Originalspråk: Original

Regissør: Maryam Touzani

"Gledesfylt pusterom" - San Fransisco Chronicle

MÁLAGAGATEN (Calle Málaga) er ein hjartevarmande film med Carmen Maura (kjent frå Pedro Almodovar sine filmar) i hovudrolla. 80 år gamle Maria Angeles bur i den spanske bydelen i marokkanske Tanger. Når dottera til Maria, Clara, endeleg kjem på eit etterlengta besøk, er det for å presse mor si til å selge leilegheita, slik at dottera kan kome ut av dei økonomiske problema etter ei skilsmisse. Men Maria, som er fødd i Tanger, djupt forankra i lokalsamfunnet og høgt verdsett av naboane sine har ikkje tenkt å flytte... Og som den ressurssterke dama ho er, brettar ho opp ermane og tek i bruk alle knep for å nå målet sitt. MÁLAGAGATEN er eit varmt, rørande og inspirerande drama med mykje humor. Den legendariske skodespelaren Carmen Maura (fødd i 1945) er i storslag i rolla som Maria Angeles og demonstrerer at livsglede, pågangsmot og kjærleik på ingen måte treng å ta slutt sjølv om ein passerar 80 år. Filmen har vunne ei rekkje prisar, mellom anna publikumsprisen både på Venezia og Tromsø filmfestival. PRESSEN OM FILMEN: "Vidunderlig" - New York Times "Svært, svært hjertevarmende" - Berlingske ’En publikumsvennlig og velspilt film med like deler spansk stjernedryss og marokkansk lokalkoloritt" - Politiken "Gledesfylt pusterom" - San Fransisco Chronicle