Kvinnedagen på Ål kino
Billettar
Om arrangementet
Bli med å markere kvinnedagen på Ål kino!
Sundag 8. mars markerer me kvinnedagen med å syne 3 kinofilmar med ulike tema knytta til kvinna.
Sundag 8. mars markerer me kvinnedagen med å syne 3 kinofilmar med ulike tema knytta til kvinna.
«En dag utan kvinner», «Hamnet» og «Solomamma» set på kvar sin måte lys på kva kvinner betyr for samfunnet, ulike opplevingar gjennom eit heilt liv og krav til seg sjølv.
Mellom to av filmane 18.45-19.00 vil det bli ein appell og musikalsk innslag ved MARIT SEHL.
Mellom to av filmane 18.45-19.00 vil det bli ein appell og musikalsk innslag ved MARIT SEHL.
Håpar me kan samle som mange som mogleg til ein kveld med kvinner i fokus.
PROGRAM:
Kl. 1730: En dag uten kvinner
Kl. 1845: Appell og musikalsk innslag v/Marit Sehl
Kl. 1915: Hamnet
Kl. 1930: Solomamma
Kjøp billett til filmane under datoen 8. mars her
PROGRAM:
Kl. 1730: En dag uten kvinner
Kl. 1845: Appell og musikalsk innslag v/Marit Sehl
Kl. 1915: Hamnet
Kl. 1930: Solomamma
Kjøp billett til filmane under datoen 8. mars her
Om filmen "En dag uten kvinner":
24. oktober 1975 stoppa nesten heile Island opp. 90 % av landets kvinner la ned arbeidet – både heime og på jobb – og viste kor avgjerande innsatsen deira var. Denne dagen, kjent som «Kvinnenes fridag», endra historia og vart eit vendepunkt i kampen for likestilling.
"Ein dag uten kvinner" er ein gripande dokumentar om kvinnene sin storstilte streik på Island i 1975. Gjennom arkivopptak og personlege historier skildrar filmen korleis ein heil nasjon fekk merke konsekvensane av at kvinnene tok fri – og korleis dette sette fart på både politiske reformer og samfunnsdebatt.
Filmen er like aktuell i dag som han var for snart 50 år sidan. I ei tid der me framleis diskuterer lønnsgap, investeringsgap og likestilling i arbeidslivet, minner denne historia oss på krafta i at kvinner står samla.
Eit inspirerande og tankevekkjande møte med fortidas kamp som framleis formar framtida vår.
