Krølle Bølle

Om filmen

Originaltittel: Krølle Bølle

Premiere: 2026-04-24

Varighet: 1t 20min

Sjanger: Familiefilm, Eventyr, Barnefilm, Animasjon

Aldersgrense: A

Originalspråk: Norsk

Regissør: Jan Rahbek

Herleg blanding av animasjon og spelefilm, i eit sommarleg og festleg eventyr for rampetroll i alle aldrar.

Krølle Bølle bur trygt under jorda på Bornholm saman med familien sin og alle dei andre trolla. Her er livet fullt av flaggermusflyging, holefestar – og reglar, massevis av reglar. Spesielt éin regel må aldri brytast: Ein må ikkje gå opp til overflata, for menneske er farlege. Men Krølle Bølle er ein liten ramp som ikkje heilt forstår kvifor ein treng alle desse reglane. Då det brått byrjar å buldre der oppe, greier han ikkje å dy seg – han snik seg opp mot verda til menneska for å finne ut kva som skjer. Veslesyster Borra følgjer etter. Det som starta som ein uskuldig rampestrek for dei to, utviklar seg raskt til eit storslått eventyr – fylt med farar, magi og opplevingar større enn noko Krølle Bølle nokon gong kunne drøyme om!