Fremdeles her
Om filmen
Originaltittel: Ainda Estou Aqui
Premiere: 2025-12-25
Varighet: 2t 16min
Sjanger: Drama, Biografi
Aldersgrense: 12
Originalspråk: Original
Regissør: Walter Salles
Vinnar av Oscar for beste internasjonale film, og nominert for beste film og beste kvinnelege hovudrolle. Frå Walter Salles, regissøren av MOTORSYKKELDAGBØKENE, kjem eit nytt moderne meisterverk.
Brasil, 1970-talet. På dei solfylte strendene i Rio de Janeiro pulserar livet, men i skuggane strammar militærdiktaturet grepet om landet. Politiske motstandarar blir overvaka, forfølgde og forsvinn sporlaust. Familien Paiva - Rubens, Eunice og dei fem barna deira - bur i eit idyllisk strandhus i Rio de Janeiro, omgitt av vener. Men ein dag bankar væpna menn på døra og Rubens blir ført bort til avhøyr. Brått står Eunice att åleine med barna, og må kjempa med alt ho har for å halda familien saman, og for rettferd for mannen sin. "Fremdeles her" er eit gripande drama om eit mørkt kapittel i Brasil si historie, som både engasjerer og rører djupt.
