Festivalkveld torsdag m/musikk-quiz og konsert med Symre

Om arrangementet

Kva er vel ein festival utan ei økt med musikalsk hjernetrim? Vår eminente quiz - duo Øystein Velure og Morten Gjeldokk stiller med sin skreddarsydde quiz og har som vanleg meir spørsmål enn svar. Dei går skjeldan i djupna, men spør vidt og breitt, og kjem ofte med gagnlaus og lausaktig informasjon til oppgåvene. Kom med nypussa briller, nyfeia øyregangar og gode vener til musikalsk kunnskapsleik for vaksne.

SYMRE er låtskrivar og gitarist frå Morgedal, med røter i folkemusikken. Tekstane er på dialekt, og får ofte tilbakemeldinga «finurleg», med humor som eit viktig verkemiddel. Musikken er leiken, og hentar element frå folk, jazz, pop og rock. SYMRE brenn for engasjerande formidling, og er kjend for god kontakt med publikum. I bandet og på den ferske plata “Ikkje noko for meg” har ho med seg felles telemarkingar Jon Espelid (trommer), Torjus Gravir Klykken (bass) og Åsmund Skjeldal Waage (vibrafon).