En dag uten kvinner

Om filmen

Originaltittel: The Day Iceland Stood Still

Premiere: 2026-03-06

Varighet: 1t 10min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: 15

Originalspråk: Islandsk, Engelsk

24. oktober 1975 stoppa nesten heile Island opp. 90 % av landets kvinner la ned arbeidet – både heime og på jobb – og viste kor avgjerande innsatsen deira var. Denne dagen, kjent som «Kvinnenes fridag», endra historia og vart eit vendepunkt i kampen for likestilling.

"Ein dag uten kvinner" er ein gripande dokumentar om kvinnene sin storstilte streik på Island i 1975. Gjennom arkivopptak og personlege historier skildrar filmen korleis ein heil nasjon fekk merke konsekvensane av at kvinnene tok fri – og korleis dette sette fart på både politiske reformer og samfunnsdebatt. Filmen er like aktuell i dag som han var for snart 50 år sidan. I ei tid der me framleis diskuterer lønnsgap, investeringsgap og likestilling i arbeidslivet, minner denne historia oss på krafta i at kvinner står samla. Eit inspirerande og tankevekkjande møte med fortidas kamp som framleis formar framtida vår.