Annie jr. (Hemsedal kulturskule)
Om arrangementet
Den tidlause musikalen Annie fortel den hjartevarme historia om ei foreldreløyse jente som bur på eit barneheim i New York. Med stort pågangsmot og urokkeleg tru på at morgondagen blir betre, finn Annie håp hjå den velståande forretningsmannen Oliver Warbucks, som inviterer henne heim for å feire jul. Med si smittande glede og optimisme snur Annie opp ned på livet til Warbucks – og på sitt eige. Men vil ho nokon gong finne dei ekte foreldra sine?
På scena står dyktige, unge song- og danseelevar frå Hemsedal kulturskule. Det blir ei framsyning full av musikk og song, masse dans og skodespel, flotte kostyme og mange rørande augneblink.
Forestillinga er støtta av:
• Buskerud Teater
• Sparebankstiftelsen DNB
• Ustekveikja
Rettar:
Music Theater International.
(CREDITS: Book by Thomas Meehan / Music by Charles Strouse / Lyrics by Martin Charnin / Presented on Broadway by Mike Nichols / Originally Produced by Stephen R. Friedman The John F. Kennedy Center for the Performing Arts / / Irwin Meyer Alvin Nederlander Associates Inc. / Lewis Allen Icarus Productions / Based on ”Little Orphan Annie” By Permission of The Tribune Media Services, Inc. / This amateur production is presented by arrangement with Music Theatre International / All authorised performance materials are also supplied by MTI / www.mtishows.co.uk)
