I Noreg er aldersgrensene på kinofilm Tillatt for alle (A), 6 år, 9 år, 12 år, 15 år og 18 år.
Aldersgrensene blir sett av kinofilmdistributørene basert på retningsliner frå Medietilsynet, som også fører tilsyn og kan endre grensene i ettertid om nødvendig.
Grensene blir sett ut frå det antatte skadepotensialet filmen har på barn, ikkje ut frå kven filmen «passar» for.
Ledsagarregelen
Noreg praktiserar det som blir kalla ledsagarregelen. Det betyr at barn og unge kan sjå ein film med høgare aldersgrense dersom dei er i følgje med ein føresett eller ein annan myndig person (over 18 år):
- Tillatt for alle (A): Passar for alle, ingen alderskontroll.
- 6-årsgrense: Alle barn kan sjå filmen i følgje med ein vaksen.
- 9-årsgrense: Barn ned til 6 år kan sjå filmen i følgje med ein vaksen.
- 12-årsgrense: Barn ned til 9 år kan sjå filmen i følgje med ein vaksen.
- 15-årsgrense: Unge ned til 12 år kan sjå filmen i følgje med ein vaksen.
- 18-årsgrense: Absolutt aldersgrense. Ingen under 18 år slepp inn, sjølv ikkje i følgje med vaksne. Kinoane krev gyldig legitimasjon.
Aldersgrensene er juridisk bindande og kinoane eller andre som viser filmen må følgje desse.
Medietilsynet kan ikkje forby filmar for visning. Filmar som ikkje er vurdert kan bli satt opp på kino under føresetnad av at dei blir vist med 18-årsgrense. Kinoen og distributøren er strafferettsleg ansvarleg for innhaldet.
Sjå meir om aldersgrenser hjå: Medietilsynet
