Adam Douglas - solo (Oppvarming: Tonje Halbjørhus)
Billettar
Om arrangementet
Adam Douglas legg ut på vegen åleine – med gitarane, låtane og stemma i sentrum. For fyrste gong inviterer han til ein rein soloturné, der uttrykket blir strippa heilt ned og publikum kjem tettare på enn nokon gong.
Dette er konsertar bygd rundt nærleik og tilstadevære, der låtane får stå på eigne bein. Publikum får høyre materiale frå heile Adam sin katalog i ny innpakking, i tillegg til nokre utvalde coverfavorittar. Formatet opnar også for historiene bak musikken – om vegen frå Oklahoma til Noreg, og om menneska og opplevingane som har forma låtskrivaren.
Adam Douglas er kjent som ein sterk liveartist, med ei særeigen evne til å skape kontakt med publikum. Med røter i den amerikanske roots-tradisjonen, og eit uttrykk som rører seg mellom soul, gospel og americana, har han sidan debuten bygd ei solid karriere med kritikarrosa utgjevingar, Spellemannpris og eit breidt publikum.
Desse konsertane syner ei heilt annan side av Adam Douglas – nært, ærleg og ufiltrert, der alt står og fell på formidlinga.
Oppvarming: TONJE HALBJØRHUS:

Sidan platedebuten i 2016 har artisten, låtskrivaren og hemsedølen Tonje Halbjørhus vist at ho står støtt i eigne visjonar. Musikken hennar har utvikla seg frå eit heilakustisk, organisk og folk-inspirert lydbilete til eit meir moderne og utfordrande visepop-univers. Heile vegen bunden saman av den varme og nærverande stemma hennar, nøkterne tekstliner på hallingdialekt og magnetiske melodiar.
Tonje driv sitt eige plateselskap, Kveldslys Records, og har ansvaret for dei kunstnariske avgjerdene. Ho set kvalitet framfor kvantitet i alle ledd, og ingenting blir overlate til tilfeldigheitene.
Hausten 2025 gav ho ut si fjerde plate, «Hvisker mine ord». Tittelsporet slapp gjennom nålauge og blei hyppig spelt på radio. Låta låg på spelelista til NRK P1 i heile 21 veker.
Foto Douglas: Jens Storaker
Foto Halbjørhus: Marthe Amanda Vannebo
