Vinsmaking: Naturvin

Om arrangementet

Funkd Up Wines er lidenskaplege tilhengjarar av bærekraftig vinproduksjon og støttar vinprodusentar som dyrkar druene sine biodynamisk eller økologisk, utan bruk av kjemiske sprøytemiddel eller kunstige tilsetjingsstoff. 
Målet er å tilby kundar eit breitt utval av naturvin av høg kvalitet, som reflekterer unike smakar og karakteristikkar frå ulike regionar rundt om i verda. Dei samarbeider tett med nøye utvalde vinprodusentar som deler desse verdiane.

Funkd Up Wines består av ein ivrig vennegjeng med fire naturvinsnerdar som hoppar med hovudet fyrst inn i vinbransjen: Me snakkar om ein ekte norsk bauta av ein viking, ein lite brautande, men bastant, bergensar, ein argentinsk yogainstruktør (som faktisk ser bra ut i tights) og ein proaktiv eurasier som pushar femti… what can go wrong?! 

Velkomen til ei verd av spennande og levande vinar, der smak og bærekraft møtast.


Billetten inkl. fem ulike typar vin, digge ostar og div skinker frå Premium Gourmet.


Arrangør: Ål kulturhus og Ål kunstforening