Vinsmaking med Ingvild Tennfjord

Om arrangementet

Smaken av Italia – Ingvild hjelper deg å knekke koden til dei italienske vinane!
Skreddarsydd vinkurs og -smaking med ein av landets beste vinkjennarar; Ingvild Tennfjord.

Ingvild Tennfjord er landets mest leste vinjournalist, bestselgjande forfattar og ein sprudlande konferansier.

Den populære spalta hennar, Vinskolen, når kvar veke over ein million lesarar gjennom Aftenposten, Bergens Tidende, Fædrelandsvennen og Stavanger Aftenblad. Tennfjord sitt humoristiske, tilgjengelege og forfriskande blikk på vin begeistrar mange. Ho har i tillegg gjeve ut seks bøker, og samtlege har gått rett inn på bestselgjarlista. Den fyrste utgjevinga vart også nominert til Brageprisen og den siste boka, Snarveien til vin, kom raskt inn på Bokhandlarforeningen si bestselgjarliste.

Ingvild Tennfjord har brei fagleg kunnskap om vin. Den unike formidlingsevnen og pedagogiske tilnærminga til vinfaget går hand i hand med hennar sprudlande vesen. Ingvild sine vinkurs er etterspurt over heile landet.


Billetten inkluderer fem einingar med smaksprøver og litt å bite i.

Begrensa antal plassar, så ver rask med billettkjøp her!