UKM lokalmønstring

Om arrangementet

Lokalmønstring

NB! UKM lokalmønstring på Ål er flytta frå 26. september til 30. oktober.

Det vil også bli mogleg for ungdom i Hallingdal (primært frå 15-20 år) å delta på UKM-Camp på Ål kulturhus i regi Buskerud Musikkråd i haustferien (4.-6. oktober). Mange spennande workshops å delta på. Påmelding og info kjem snart.


På UKM (Ung Kultur Møtes) i Ål kulturhus får dei unge, lovande utøvarane våre vise fram alle sine kunstar. På scena finn du barn og ungdom mellom 10 og 20 år, og i foajeområdet blir det synt fram kunst i alle variantar.
På UKM kan nemleg ungdom delta med ALT! Ballet, rock, joik, kulokk, laus, teater, lyrikk, rap, foto, måleri, teikning, breakdance, film, fele, trommer, sirkus, saum, treskjæring, keramikk, broderi, sjonglering, buktaling, installasjon, stand up, gitar, piano, fløyte, folkedans, trompet, ….og alt anna.

Bli med og støtt dei flinke, unge talenta våre - velkomen til ei forrykande forestilling!