The Fabelmans
Om filmen
Tittel: The Fabelmans
Premiere: 2023-02-03
Varighet: 2t 30min
Sjanger: Drama
Aldersgrense: 9
Originalspråk: Engelsk
Regissør: Steven Spielberg
Filmar er som draumar du aldri gløymer.
THE FABELMANS er ei oppveksthistorie sett i Arizona etter 2. verdskrigen. Den handlar om unge Sammy Fabelman, som oppdagar ei sjokkerande hemmelegheit som trugar med å rive familien frå kvarandre, og korleis filmar kan hjelpe oss til å finne sanninga om kvarandre og om oss sjølve. The Fabelmans er ein djupt personleg film for Steven Spielberg, sterkt inspirert av hans eigen barndom og oppvekst. Den er skrive av Spielberg saman med Pulitzerprisvinnaren Tony Kushner, som tidlegare er Oscarnominert for Spielberg sine «Lincoln» og «München».