"The Creedence Experience - fra Lodi til Longyearbyen"

Om arrangementet

Det mest hardtarbeidande tributebandet i Noreg, Fortunate Sons, skal ut på nye eventyr. 2024 blir ei lang musikalsk reise frå "Lodi til Longyearbyen", som er stoppestasjon 16. november 2024.

Med seg i sekken har dei allsanglåtar som Cotton Fields, Have you ever seen the Rain, Down on the Corner, Good Golly Miss Molly, Proud Mary, Midnight Special og mange fleire. Bandet tilbyr allsang- og ruteskjortegaranti i eit show som både unge og gamle rockenostalgikarar MÅ få med seg!

I showet "The Creedence Experience" dreg Fortunate Sons med seg det beste frå publikumssuksessane Creedence StoryNight, CreedenceMania 1970 og Cosmos Factory 50, og serverer publikum eit heilstøypt show som set i gang både rockefoten, allsangen og nostalgien for musikkelskarar i alle aldrar.

Dette showet kan du ikkje gå glipp av - så på med ruteskjorta og bli med på allsangen!