Senioruniversitetet: Foredrag v/Arne Johan Vetlesen

Om arrangementet

Hemn – kan hemn vere moralsk forsvarleg?

Ynskje om hemn gjer seg gjeldande både i personlege relasjonar og i tilhøvet mellom grupper og statar. 
Ved hjelp av døme frå begge kontekstar vil foredraget kaste lys over grunnane som blir brukt for å rettferdiggjere hemn, samt diskutere desse kritisk med tanke på om dei er haldbare. Eit av spørsmåla er om hemn – eller hemnlyst – spelar ei større rolle i det offentlege livet og i politikken enn tidlegare. Tek kjenslene overhand?

Arne Johan Vetlesen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo. Han arbeider særleg med etikk, politisk teori og miljøfilosofi, er aktiv samfunnsdebattant med fast spalte i Klassekampen, og han har gjeve ut tredve bøker.