Pippi feirer jul

Om arrangementet

Knallsuksessen frå Chat Noir i Oslo legg ut på ein etterlengta Norgesturné!
Pippilotta Viktualia Rullgardina Krusemynte Efraimsdatter Langstrømpe, eller ganske enkelt Pippi, er i full gang med juleførebuingane. Men skal ho feire jula åleine? Fru Prysselius vil ha Pippi på barneheimen i jula. Men Pippi vil ikkje på nokon barneheim. Ho kjenner seg slett ikkje einsam. Ho har jo både Herr Nilsson, apen sin, og Lille Gubben, hesten, og sanneleg har det ikkje flytta inn ein ny liten venn i veggen hennar. Dessutan kjem det sikkert nokon på besøk. Blom og Dunder-Karlsson vil nok prøve å stele litt julepengar og det er alltid morosamt å leike med politikonstablane Kling og Klang. Tommy og Annika må jo feire jula heime, men dei vil gjerne vere saman med Pippi også. Kanskje dei har ein plan?
Ein ting er sikkert: Det skjer både morosame, spennande og litt rare ting når Pippi feirar jul!

Regi: Bjørn Sæter
Scenografi: Per Olav Austdahl
Kostymer: Marianne Forsberg
Musikalsk arr.: Arve Furset/Marius Podolski
Produsent: Victoria Productions AS