Moonage Daydream

Om filmen

Originaltittel: Moonage Daydream

Premiere: 2022-09-16

Varighet: 2t 15min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: 9

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Brett Morgen

Den hylla dokumentaren om David Bowie kjem til Ål kino! Den djuptgåande dokumentaristen Brett Morgen (The Kid Stays in the Picture, Kurt Cobain: Montage of Heck, Jane) gjev oss eit spektakulært innblikk i kunsten til kameleonen David Bowie. David Bowie var ein av dei største kunstnarane i vår tid, som utfordra grenser og rørde kulturen i over 50 år. Moonage Daydream er den fyrste dokumentaren som er støtta av David Bowie Estate, som gav Morgen ubegrensa tilgang til arkiva i samlinga. Gjennom ei personleg tilnærming og med ein stil i sterk Bowie-esque ånd, får publikum oppleve den hylla artisten på eit nærgåande og eineståande visuelt nivå. Morgen mottok over fem millionar gjenstandar som inkluderte ei samling av unike teikningar, bilete, opptak, filmar og notatar. Han har brukt imponerande fire år på å setje saman filmen som eit resultat, og ytterlegare 18 månader på å designe eit rett lydbilete, animasjonar og fargepalett.