Knock at the Cabin
Billettar
Om filmen
Originaltittel: Knock at the Cabin
Premiere: 2023-02-03
Varighet: 1t 40min
Sjanger: Horror, Thriller
Aldersgrense: 15 år
Originalspråk: Engelsk
Regissør: M. Night Shyamalan
Bli med på M. Night Shyamalan sin uhyggelege hyttetur.
Ein liten familie koblar av på ei idyllisk og rustikk skogshytte i sommarferien. Unge Wendy leikar blant trea når ho møter Leonard (Bautista), leiaren av ei gruppe som brått dukkar opp i familien sitt ferieparadis. Alle i gruppa ber kvart sitt våpen, og tek familien som gislar samstundes som dei gjev dei eit forferdeleg ultimatum: dei må frivillig ofre ein i familien sin for å hindre verdas apokalypse. Med begrensa kontakt og informasjon frå omverda, må dei to foreldra ta eit val før alt er for seint. M. Night Shyamalan er attende med nok ein guffen thrillar om lagnadstnuge avgjersler og utenkjelege scenario. Han har tidlegare gjeve oss filmar som The Sixth Sense, Unbreakable, The Village, Split og The Visit.