Karl Otto Nakken: Skienscefali - eller ski på hjernen

Om arrangementet

Som skiinteressert nevrolog har Karl Otto Nakken foretatt ein uformell studie av personar som er sterkt opptatt av skigåing. Han har kalla syndromet skiencefali – eller ski på hjernen. 

I foredraget vil han kome inn på kva som karakteriserer desse menneska; kva som disponerer for tilstanden, dei viktigaste symptoma, moglege komplikasjonar og prognosen. Sjølv om det er fleire alvorlegheitsgrader, får tilstanden ofte vidtrekkjande konsekvensar i livet for dei som er ramma.

Han fortel at han har ein bekjent som fekk oppleve problematikken på kroppen.
– En venn av meg fikk et ultimatum: Kona eller skiene. For ham ble valget enkelt. Det førte til ski-lsmisse, seier han.

Det er ifølgje Nakken ei overvekt av menn som lir av skienscefali. Han seier at nokre har lidinga medfødd, medan andre utviklar den i det vaksne liv. For dei som utviklar dette i det vaksne liv, er tilstanden å sjå på som alvorleg, ifølgje nevrologen.