Hybris - Choreographing Whiteness

Om arrangementet

Hybris
Choreographing Whiteness

I høve Skeivt Kulturår 2022 inviterer Sprang til ein kveld der samtidsdansen byr opp til fest i møte med rap, skeiv subkultur og populærkulturelle fordommar. Det sjølvbiografiske soloshowet Hybris er ei kraftbombe fylt av intense dansenummer, raplåtar på Høyanger-dialekt og treningsøvingar i 1980-talsstil med tights og sveitteband.

Det er ein salig samansett kombinasjon når Jonas Øren tar kjende referansar frå den svarte kvinnelege rap-estetikken og pakkar den inn i kvit hud og norsk språk. For korleis har det seg at ein «smalltown boy» frå vestlandet kan kjenne seg heime i den objektiviserte framstillinga av afroamerikanske kvinner? 

Me kan love både latter, ubehag og feststemning, krydra med klisjéar, kulturkollisjonar og tonnevis av «fierce, effortles & unbothered attitude».

Pause med servering!


Koreograf, utøvar og produsent: Jonas Øren
Dramaturg: Jessica Lauren, Elizabeth Taylor
Rådgjevning og kunstnarisk rettleiing: Cherish Menzo, Thomas Talawa Prestø, Camara Lundestad Joof, Fatomata Kamara, Regina Tucker
Lysdesign og teknisk avvikling: Yasin Gyltepe
Produsent: Ingeborg Husbyn Aarsand

Co-produsentar: Dansens Hus Oslo, Rosendal Teater, RAS – Regional Arena for Samtidsdans.
Støtta av: Norsk Kulturråd, Fritt Ord, Oslo Kommune, Dansearena Nord.