How to Blow up a Pipeline

Om filmen

Originaltittel: How to Blow up a Pipeline

Premiere: 2023-05-26

Varighet: 1t 43min

Sjanger: Drama, Thriller

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Daniel Goldhaber

Klimakrisa har nådd «point of no return». Årevis med demonstrasjonar og protestar har vore nyttelause og ei gruppe unge miljøaktivistar bestemmer seg for å gjere alt i deira makt for å vere sikre på at stemmene deira blir høyrt. Dei gjev seg ut på ei farefull ferd i Texas-ørken med eitt mål for auga: å sprenge ein oljerøyrledning. Dei unge aktivistane har alle lidd som følgje av klimaendringane og industrien som er grunnen til dei. Mellom anna har leiaren i gruppa, Xochitl, vorte foreldrelaus etter at mor hennar døydde i ei hetebølgje. Årevis med demonstrasjonar og protestar har ikkje ført nokon stad, og gruppa er fast bestemt på at ein dramatisk aksjon er nødvendig. For kva er det eigentleg som må til for å bli høyrt og tatt på alvor av dei som sit med den etablerte makta i eit samfunn?

"How to Blow Up a Pipeline" baserer seg på manifestet med same namn som den svenske klimaaktivisten Andreas Malm gav ut i 2021. Her argumenterer han for sabotasje som eit middel i kampen mot global oppvarming. Med dette som utgangspunkt har regissør Daniel Goldhaber konstruert ein neglebitande spenningsfilm – ein heist-film smidd over same leist som Ocean’s Eleven, rett nok med langt alvorlegare ting på hjarta – som følgjer aktivistane sin risikable veg mot det eksplosive målet sitt.