Elizabeth - Et portrett av en dronning

Om filmen

Originaltittel: Elizabeth - A Portrait in parts

Premiere: 2022-09-16

Varighet: 1t 29min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: A

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Roger Michell

Dokumentaren fortel om eit fantastisk liv, og ei dronning som har vorte eit ikon over heile verda.

Metervis med arkivmateriale har vorte klyppt saman for å feire Dronning Elizabeth av Storbritannia. Ein filmisk turné med over 70 år med filmklypp som gjev eit rikt bilete av ei storarta kvinne. Sju tiår på trona er nemleg det lengste ein britisk monark nokon gong har sete. Filmen er apolitisk og appellerer til alle. Sett saman av vignettar med ulike tema, som får fram dei mange bragdene av dronninga. Den er morosam, kjærleg og oppriktig. Det er ein vakker og engasjerande dokumentarfilm, regissert av Roger Michell (Notting Hill), som dessverre døydde av eit hjarteinfarkt før filmen kom ut.