Dora Thorhallsdottir: Overganger

Om arrangementet

Ein hyllest til kvardagsmennesket.

Overganger
er eit standup-show om dei ulike overgangane i livet, om kor trøblete dei er, men også ofte ufriviljug komiske. Overgangsalderen til dømes. Me skal alle dit når me er cirka halvvegs i livet, men det er det ingen som snakkar om. For på merkeleg vis har me greidd å gjere det å bli eldre, i ein kropp som naturleg forfell, til noko skamfullt. – Av den grunn veit me ikkje noko som helst om kva me har i vente, er det ikkje eit supert opplegg? spør Thorhallsdottír med eit smil.  

– Dette showet er ein hyllest og ei kjærleikserklæring til kvardagsmennesket, held Dora fram. – Det er observasjonar av absurde ting me driv med og ikkje minst ein gjennomgang av alt gnålet som følgjer av å ha ein kropp. Målet er at du ler masse, men kven veit, kanskje du lærer noko om vår tids siste tabu: overgangsalderen? Det er berre å glede seg!

Kom på show, me treng å le meir i desse tider!