Riksteatret: Detektivbyrå nr. 2: Operasjon Teater - UTSELT!

Om arrangementet

Barn i Noreg elskar bøkene om Detektivbyrå nr. 2 av krimforfattar Jørn Lier Horst. No blir det teater for heile familien der Tiril, Oliver og hunden Åtto må løyse eit heilt nytt mysterium!

Operasjon Teater er eit nytt oppdrag for Detektivbyrå nr. 2. Eit mysterium som berre kan opplevast når Riksteatret kjem til kulturhuset. For kva er det eigentleg som skjer når Riksteatret kjem til Elvestad for å spele forestillinga Hamlet

Kvifor har det skjedd mystiske ulykker under heile turneen? Er teaterforestillinga forbanna eller er det nokon som saboterer? Bli med Tiril, Oliver og Åtto på eit spennande mysterium i den magiske verda til teatret.

Me gler oss til å sjå deg i kulturhuset. Viss du vil, kan du kle deg ut i eit heilt eige teaterkostyme når du kjem til oss.

Høver for barn frå 5 år.


På scena
Maria Agwumaro, Lars Halvor Andreassen, Janne Starup Bønes, Amalie Ibsen Jensen, Arjan Nilsen, Thomas Jørstad Pettersen og Amanda Hedvig Strand

Team
Regissør: Hilde Brinchmann
Scenograf: Paul Sebastian Garbers
Kostymedesignar: Helena Andersson
Assisterende designar: Signe Gerda Landfald
Lysdesignar: Martin Flack
Lyddesignar, Komponist: Eirik Myhr
Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Av Hilde Brinchmann og Jørn Lier Horst.

"Basert på bokserien Detektivbyrå nr. 2 – av forfattar Jørn Lier Horst og illustratør Hans Jørgen Sandnes".

Forestillingslengde: 2 timar (inkludert pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 10. sep 2021

Turnépremiere: Larvik 15. sep 2021

Produsert av Riksteatret

 

 

FAKTA:

Detektivbyrå nr. 2-bøkene er ein av Noregs mest selde barnebokseriar gjennom tidene med eit samla opplag på over 2 millionar. Nokre av bøkene er også filmatisert. "Operasjon Teater" er ei heilt ny teaterforestilling basert på universet som barna kjenner frå bøker og film.