Brageteatret: I-VI

Om arrangementet

-Er du eit individ, eller ein del av eit kollektiv?
Burde me slutte å si «eg» og heller snakke om «vi»? 
Tåler verda fleire individualistar no?

I I-VI møter me ei rekkje personar, t.d. ei jente som syns tysktimen er så kjedeleg at ho heller vil døy enn å lære tysk. 
Ein annan spelar på eit volleyballdritt-spel, éin hatar Roskilde-festivalen og ein har spelt i korps i fem år utan å kunne spele i det heile tatt.

Fredrik Høyer si tekst er skrive til ein ung generasjon som skal ta over ei verd der alt handlar om meg, men der løysingane må handle om oss.

I-VI foregår inni ein stor kvit «boks» der både publikum og skodespelarane er saman som eit digert «vi». Dette er ei annleis teateroppleving, som blir både intenst og meditativt på same tid.

Medverkande:
Rebekka Jynge
Karin Svihus Knutsen 
Deniz Kaya, Filip Ramberg og
Sjur Vatne Brean

Dramatikar: Fredrik Høyer
Regi: Nils Petter Mørland
Scenografi: Monica Valsø
Lysdesign: Mathias Lundgren
Dramaturg: Oda Radoor
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

I-VI tilhøyrer regionteatret si satsing brageteatret_ung, forestillingar til ungdom og unge vaksne som dei kan oppsøkje på fritida. 
I-VI er forestilling nr 4 i rekkja.

Produsert av Brageteatret 2022.

 

Bizzypris gjennom bizzyappen: Dette er eventappen for deg mellom 13-21 år som vil oppleve meir kultur i Viken. Bizzyappen samlar event frå små og store arrangørar rundt om i fylket, og er gratis å laste ned. Der vil du få informasjon om det som skjer og samtidig få gode rabattar på det du ynskjer å reise på.
Billett til I-VI kostar kr 85,- + avg. i Bizzy-appen.