Leif Ove Andsnes og Det Norske Kammerorkester
| Dato | Tidspunkt | Sal | Billett |
|---|---|---|---|
| Må 31. Mai | kl. 19:30 | Storesalen | Kjøp |
Ål kulturhus er stolt av å presentere eit orkester og ein solist i verdsklasse!
Det Norske Kammerorkester held debutkonserten sin hausten 1977 og den kunstneriske anerkjennelsen kom umiddelbart både nasjonalt og internasjonalt, m.a. gjennom innspelinga av Grieg sine samla verk for strykeorkester.
Terje Tønnesen var engasjert som leiar frå fyrste stund. Frå 1981 vart Iona Brown frå «Academy of St Martin in the Fields» i London knytt til orkesteret som kunstnerisk leiar. Orkesteret har gjesta mange av dei fremste konsertsalar, seriar og festivalar i både Europa, USA og Asia - ålene eller saman med nokre av verdas mest framståande musikarar.Størst betydning for orkesteret sin internasjonale status har truleg samarbeidet med Mstislav Rostropovitsj hatt. Ikkje minst gjennom hans karakteristikk av orkestret som eit av dei aller beste ensembla i verda, var han med på å opne nye moglegheiter for orkesteret.
Leif Ove Andsnes er blant dei mest framgangsrike og profilerte musikarane i Noreg. Han opptrer over heile verda - med orkester, i solokonsertar, og i kammermusikk-samanheng. Blant orkestra kan me nemne Boston Symphony, Bayerische Rundfunk, New York Philharmonic, Philadelphia Orchestra, Oslo Filharmonien, berre for å nemne nokre. Han er også regelmessig solist på dei kjende Henry Wood Proms-konsertane i London.
Program:
C.Ph.E.Bach Symfoni i e-moll
Bent Sørensen klaverkonsert
Janacek Strykekvartett nr.1
Mozart klaverkonsert nr.24
Konserten blir arrangert i samarbeid med Sparebank 1 Hallingdal
