Jahn Otto Johansen
| Dato | Tidspunkt | Sal | Billett |
|---|---|---|---|
| Fr 07. Mai | kl. 19:15 | Nesch-museet | Kjøp |
Kva har religionen betydd for den russiske folkesjela opp gjennom historia? Og kva betyr den russisk-ortodokse kyrkja for folk i dag? Møte med forfattaren og journalisten Jahn Otto Johansen.
Dette er problemstillingar som den kjente journalisten og forfattaren, Jahn Otto Johansen, tek opp på eit møte i Ål kulturhus. Johansen har skrive fleire bøker, den siste heiter ”Mitt liv med moder Russland”. Kyrkje og religion er viktig for å forstå vår store nabo i aust. Forfattaren er ein av landets fremste ekspertar på Sentral- og Aust-Europa og har i fleire bøker teke opp politiske og utanrikspolitiske spørsmål krydra med viktige personlege møte med enkeltmenneske.
Jahn Otto Johansen har mellom anna voresjefredaktør i Dagbladet og utanrikssjef i NRK Fjernsynet, men er kanskje mest kjent for sine mange år som kunnskapsrik korrespondent i både Moskva, Washington og Berlin. For arbeidet med kulturforståing og handsaming av storpolitiske spørsmål har forfattaren og journalisten Jahn Otto Johansen motteke ei rekkje norske og internasjonale prisar.
Arrangør: Ål kyrkjeakademi
