Teater Manu - Nattgjester
| Dato | Tidspunkt | Sal | Billett |
|---|---|---|---|
| To 29. Apr | kl. 19:30 | Storesalen | Kjøp |
Forestillinga byggjer på innsamla historier frå døve i Noreg og Sverige, og er dramatisert av Anders Duus.
Eit hotell på grensa mellom Noreg og Sverige. Ein slik stad der folk sjekkar inn seint, blir ei natt og reiser vidare tidleg neste morgon. Ikkje ein slik stad der ein møtest, blir fortruleg og fortel om seg sjølv til andre. Men noko er heilt spesielt akkurat i kveld. Ved eit utruleg samantreff er alle som sjekkar inn på hotellet døve. Dette skapar den mest uvanlege arbeidsdagen nokonsinne for den høyrande resepsjonisten. Er det heilt tilfeldig?
I forestillinga møter me eit mylder av ulike karakterar; mellom anna to systre som skal køyre mor si til aldersheimen, ein bridgeklubb på oppdagingsferd, ein flørt i badstugu, osv. Uventa møte oppstår når brått kvart einaste menneske ein møter, snakkar eins eige språk. Historier blir fortalde. Vakre minne, sørgelege minne, morosame anekdotar og livshistorier.
Blandinga av døve og høyrande skodespelarar gjer stykket tilgjengeleg for alle, både døve, tunghøyrde og høyrande.
Produksjonen er kome i stand gjennom eit samarbeidsprosjekt mellom Teater Manu i Noreg og Riksteaterns Tyst Teater i Sverige, og har også vorte støtta av Nordisk Ministerråd.
Medverkande: Ipek D. Mehlum, Gunilla Westin Wallin, Dawn Jani Birley,Janu Iancu, Remi Roos og Kjersti Fjeldstad
Regiteam: Josette Bushell-Mingo, Lars Otterstedt og Mira Zuckermann
Scenografi: Josette Bushell-Mingo og Lars Otterstedt
Kostyme: Moa Möller
Dramatikk: Anders Duus basert på innsamla forteljingar frå døve iNoreg og Sverige
Produksjon: Riksteaterns Tyst Teater, Sverige og Teater Manu, Norge.



