Askepott og prinsen
| Dato | Tidspunkt | Sal | Billett |
|---|---|---|---|
| Sø 25. Apr | kl. 18:00 | Storesalen | Kjøp |
Danse- og teaterforestilling med elevar frå Ål kulturskule i alle roller. Manus er skrive av Eldgrim Springgard.
Askepott slit og strevar medan stesystrene reiser til slottet for å vinne prinsen og ei framtid i glitter og stas. Fattig og bortgøymt drøymer Askepott om den vakre prinsen og eit betre liv. Ikkje veit ho vegen til slottet, og ho har heller ingen kjole å bruke på det store prinsesseballet. Heldigvis dukkar Askeladden opp. Han hjelper Askepott til slottet og prinsen. Men var det dette ho drøymde om? Og kven er eigentleg draumeprinsen?
