Ål Kulturhus - staden for gode opplevingar
Vinterfest m/3 band

Vinterfest m/3 band



DatoTidspunktSalBillett
La 27. Markl. 20:00StoresalenKjøp

Heilaften med dans og moro med hallingdalsbandet Blow!, det rotekte bluesbandet frå Østfold One siZe BluesRock Band, og The Hard Core Jazz Trio frå Ål.

Dette blir ein kveld med masse god musikk og høve til å trimme dansefoten!
3 band vil syte for at det blir stor variasjon i repertoiret anten du vil svinge deg på dansegolvet eller rett og slett sitta og lytte til musikken. Alt foregår i området på scena i kulturhuset, som er gjort om til festlokale for høvet. Blow! frå Hallingdal og One Size Bluesrock Band frå Østfold vil saman med ålingsbandet The Hard Core Jazz Trio med John Storhaug, Bjørn Gunnar Sando, Vidar Isungset m/gjester, by på eit program du sjeldan får oppleve på same scene.
Det ligg også an til jam-session undervegs og kven veit: kanskje alle tre banda lagar eit megastort band som avslutning på kvelden...

 
design:axxera | system:comunic