Ali Baba og de 40 røverne
| Dato | Tidspunkt | Sal | Billett |
|---|---|---|---|
| Sø 09. Mai | kl. 18:00 | Storesalen | Kjøp |
Sesam, sesam, lukk deg opp! Velkomen til vårens fargerike familieforestilling frå 1001 natt.
Møt den fattige vedhoggaren Ali Baba, som finn ein hemmeleg skatt i hola til røvarane. Saman med tenestejenta Morgana og eit elskovssjukt esel lurer han røvarhøvdingen og alle dei førti røvarane hans.
Med Agnar Mykle si dramatisering og Tatiana Zaitow sine fantasifulle dokker blir dette ei eksotisk forestilling som er fortalt med bøttevis av uhøgtideleg humor - like morosam for vaksne som for barn.
Forestillinga er eit framhald av Riksteatret si nye storsatsning på dokketeater. Høver for barn frå 5 år. Speletid: 50 minutt.
Premiere i Oslo/Nydalen 4. mars
Turnépremiere på Kongsvinger 9. mars
Med: Christine Stoesen, Bo Anders Sundstedt, Sarah Christine Sandberg, Kristin Aafløy Opdan og Terje Halsvik.
Basert på Ali Baba og de førti røverne frå 1001 natt. Dramatisert av Agnar Mykle. Regi: Øyvind Osmo Eriksen. Scenografi: Nora Furuholmen. Dokkedesign: Tatjana Zaitzow. Koreografi: Ida Wigdel. Musikk/lyddesign: Øyvind Osmo Eriksen. Lysdesign: Joakim Moe Røysland.



