Sangen om den røde rubin
| Dato | Tidspunkt | Sal | Billett |
|---|---|---|---|
| Må 22. Mar | kl. 19:30 | Storesalen | Kjøp |
Ein av norgeshistorias mest omtala romanar blir teater med Line Verndal, Mattis Herman Nyquist og Bjørn Skagestad i hovudrollene.
Sangen om den røde rubin - og rettssaka som kom etter den - utgjer eit eige kapittel i norsk etterkrigshistorie. I siste halvdel av 50-talet hadde alle eit forhold til Agnar Mykle sin roman, og historia om Ask Burlefot si søkjande reise inn i vaksenlivet vart lese i smug under dyna over heile Noreg.
I boka tok unge Ask Burlefot for seg av livets gleder. Romanen vekte sterke kjensler og vart gjenstand for ei omfattande rettssak rundt det samtida oppfatta som pornografi. Boka vart forbode, og rettssaka mot Agnar Mykle står som eit symbol på 50-talets puritanske samfunn.
Regissør Morten Borgersen har tidlegare laga teater av Lasso rundt fru Luna, Mykle si fyrste bok om Ask. Med musikk av Anne Grete Preus og Kjetil Bjerkestrand og koreografi av Ingun Bjørnsgaard kan dette bli ei av vårens store teaterbegivenheiter.
Urpremiere i Oslo/Nydalen 4. februar.
Turnépremiere i Svolvær 10. februar.
Med: Mattis Herman Nyquist, Line Verndal, Bjørn Skagestad, Yngve Bjørn Berven, Mari Baade, Julia Schacht og Ida Cecilie Klem.
Regi og dramtisering: Morten Borgersen. Koreografi: Ingun Bjørnsgaard. Scenografi: Olav Myrtvedt. Musikk: Anne Grete Preus og Kjetil Bjerkestrand. Kostymedesign: Ingrid Nylander. Lysdesign: Chrisander Brun. Lyddesign: Lars Årdal. Maskedesign: Helge Bjørnå. Dramaturg: Tine Thomassen.
Forestillinga varar ca 2t 20 min inkludert pause.


(Foto: Erik Berg)
