Hvem er redd for Virginia Woolf?
| Dato | Tidspunkt | Sal | Billett |
|---|---|---|---|
| Fr 12. Mar | kl. 19:30 | Storesalen | Kjøp |
Den Oscarnominerte regissøren Petter Næss står i spissen for eit kunstnarisk stjernelag når Riksteatret set opp eit av etterkrigstidas mest kjente teaterstykke.
Anette Hoff, Ingar Helge Gimle, Nils Jørgen Kaalstad og Marian Saastad Ottesen er alle kjent frå TV, film og teater. No får dei bryne seg på kvarandre i denne styrkeprøva av ei forestilling - med spesialskriven musikk av Nils Petter Molvær.
Med svik og sex, jævelskap og humor, krig og fest har Hvem er redd for Virginia Woolf? vorte verdas mest kjende nachspiel. Fasaden revnar, livsløgna sprekk, og linja mellom hat og kjærleik er syltynn når ekteparet George og Martha inviterer det yngre paret Nick og Honey heim på fuktig etterfest.
Hvem er redd for Virginia Woolf? var ein av regissør Petter Næss si fyrste teateroppleving, og ein utløysande faktor i valet hans av karriere.
- Stykket er ei perfekt foreining av full krig og full fest. Det er fascinerande kor grusomme menneske som elskar, kan vere mot kvarandre. Denne attkjenninga i stykket gjorde meg nysgjerrig på mennesket, og var ei inspirasjonskjelde tidleg i livet til at eg ville jobbe med teater, seier Næss.
Hvem er redd for Virginia Woolf? vart vinnar av både Pulitzerprisen og Tony Award. Filmversjonen med Elizabeth Taylor og Richard Burton i hovudrollene vann heile fem Oscar i 1966.




(Foto: L-P Lorentzen)
