Ål Kulturhus - staden for gode opplevingar

Nyheiter

Ål kulturhus på Facebook


Ål kulturhus er no på Facebook med eiga side.
Her blir det lagt ut diverse oppdatert informasjon.
Søk oss opp og bli "fan av Ål kulturhus"!


Panoramafilm frå Nordkapp av Hallgrim Haug


Spesialvisning på Ål kino
Måndag 28. desember kl. 1700

Sjå filmen som vart laga for Nordkapp-platået og korleis denne vart til.
Dette er ein panoramafilm som ålingen Hallgrim Haug laga for visning på Nordkapp-platået.
Den tok over etter filmen som Ivo Caprino laga i 1988.

No har du sjansen til å sjå denne fantastiske filmen på lerretet i Storesalen.
Gratis inngang

Sven-Erling Brusletto frå Geilo (t.v.) har laga tv-reportasje
om Hallgrim Haug og Nordkappfilmen hans
(Foto: Kjetil Sviland/TV2)


Bergenstoget plyndret i natt

Me viser stumfilmen Bergenstoget plyndret i natt med
live pianomusikk v/Audun Haugeplass i Trugeholu kl. 1530 på
Den store kinodagen laurdag 7. november.

Dette er ein film frå 1923 basert på den fyrste norske påskekrimen skrive av
Nordahl Grieg og Nils Lie.

Det blir også "togstemning", utstilling og spesialtilbod på
ekspressbolle m/kaffi.


Ny nettside med billettsal!

Ål kulturhus kan no tilby sal av billettar på internett. Du kan dermed kjøpe billettane dine
og køyre dei ut heime. Ta med kvitteringa /utskrifta når du skal på forestilling,
så blir den skanna for kontroll ved inngangen til salen. Nytt er at du no også kan velje kor du ynskjer å sitje i salane på arrangement med nummererte plassar.

Du kan fortsatt tinge billettar men berre via telefon eller ved
å kome til billettskranken i kulturhuset.
Hentefrist for tinga billettar er som tidlegare ei veke etter bestilling.



Leikskei i Skarvheimen

Leikskei i Skarvheimen 2009 var ei fantastisk oppleving!

Både vêrgudane og Kari Bremnes m/band gjorde jobben til fulle.
Det vart ei magisk stemning i fjellet på 1111 meters høgde denne
dagen, noko både publikum og artistar gav uttrykk for.
Velkomen att til Leikskei i Iungsdalen 21. august 2010!