NYE Ål kulturhus


I 2018 startar ombygginga på Ål kulturhus. I fleire år har Ål kommune jobba mot målsettinga om å ruste Ål kulturhus for framtida, samt å innlemme fleire funksjonar inn i eksisterande bygg. Kulturnæringa er ein av verdas raskast veksande næringar, og me veit også at behovet for fleirkulturelle møteplassar vil auke i framtida. I nye Ål kulturhus skal me skape ein heim for alle, der sosiale lag blir viska ut gjennom felles opplevingar og samhandling mellom avdelingar, tilsette, brukarar og besøkjande.

Til Hallingdalskommunane kjem det nytilflytta innbyggjarar som ynskjer å høyre til i dalen. Det nye kulturhuset kan vere ein plass for folk å kome til for å bli kjent med og inkludert i bygdelivet vårt. Ål kulturhus har eit regionalt virke, og i tillegg til besøkjande frå heile Hallingdal er det også mange turistar og hyttehallingar som nyttar huset.

Nye Ål kulturhus skal romme langt fleire funksjonar enn det gjer i dag, og fleire kommunale tenester skal bli samlokalisert i nytt hus. Alle gamle og nye rom vil bli nytta i sambruk mellom alle avdelingar som skal ha tilhald på kulturhuset, og med fleire øvings- og møterom legg me og til rette for meir bruk frå lokale lag og organisasjonar.I tillegg til statleg finansiert Landsdelsscene for dans skal Ål vaksenopplæring og Ål Frivilligsentral bli ein del av det nye huset, og med dette følgjer både brukarar og tilsette.

Utforminga av nye Ål kulturhus vil vere eit tilbygg tilpassa dagens eksisterande bygningsmasse. Eksisterande kulturhus er ein kompleks bygning med mange sprang i tak- og fasadeplater. Den nye delen av huset vil ha eit lett og svevande uttrykk og dansescene og dansesalar vil bli synleggjort med lange glasflater som går over heile høgda på fasaden. Tilbygget opnar Ål kulturhus mot dalen og vil ha signaleffekt for forbipasserande på lang avstand.


 

Foto: Nye Ål kulturhus (Mest Bygg/Årstiderne Arkitekter)

 

KVIFOR OMBYGGING?

Spleiselag for utbygging

I 2015 ga stat, fylke og kommune midlar til å skape ei produksjons- og visningsscene for dans på Ål kulturhus, ei såkalla Landsdelscene for dans. Denne scena vil huse store nasjonale og internasjonale danseproduksjonar, og vere med på å setje Ål kommune, med sine lange tradisjonar innan folkedans og folkemusikk, på dansekartet. Samstundes vil det nye sceneområdet gje rom til om lag 200 danseglade kulturskulebarn som no får høve til å lære å danse saman med profesjonelle aktørar. Dansarane får endeleg oppdaterte dansesalar som følgjer tilrådde kriterier for lokale til danseundervisning i videregåande skule og kulturskuler.

Utbygginga av Ål kulturhus er kostnadsrekna til kr 56,7 millionar. Kommunen sin eigendel blir på inntil 30 millionar, eksl mva. Prosjektet får 26,7 millionar i ekstern finansiering, i hovudsak frå stat og fylke, men også gjennom private gjevarar.

I prosessen med å kome fram til endeleg utbyggingsvedtak har dei folkevalde bede om eigne utrekningar for berre kulturskule. For å dekkje kulturskulen sitt behov åleine vart ei slik utbygging kostnadsført til ca 18. millionar. Kommunestyret fekk og eit framlegg til 12 millionar inkl. mva. Dette ville bli lite tilfredsstillande for brukarane. I denne prosessen vart det ikkje henta inn kostnadar ved å byggje/restaurere lokale for vaksenopplæringa. Om ein hadde valt ei løysning for berre å dekkje behov for kulturskule og/eller behov for vaksenopplæringa ville ikkje kommunen fått eksterne tilskot på 26,7 millionar. For Ål kommune er tilskot frå stat, fylkje og private gjevarar ei gåvepakke som gjer det mogleg å få til både ei profesjonell produksjons- og visningsscene for dans og samlokalisering av kommunale tenester i nytt hus.

Ål kulturskule

 

«Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskuletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles.»

Ål kulturskule sine danseelevar og lærarar har i mange år dansa i ein trong gang på Ål kulturhus, utan tilgang på god ventilasjon eller dagslys. Det same er tilfelle for dei som driv med band, teater, korps og kor. Skulen har ikkje godkjente undervisningslokale, og Ål kulturhus har berre fått dispensasjon til undervisninga i påvente av godkjente lokale.

Ål kulturskule vil få nye lokale i Ål kulturhus, og lærarar og elevar vil endeleg få godkjente arbeidstilhøve og den plassen dei fortener og har krav på for å utvikle seg.

Foto: Dagens dansesal på Ål kultuhus er plassert i en gang.

 

Ål vaksenopplæring

Ål vaksenopplæring tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap til busette flyktningar med opphaldsløyve, familiesameinte og arbeidsinnvandrarar i Ål og Hol kommunar.

Fram til i dag har vaksenopplæringa tidvis vore fordelt på fleire bygg. Skulen er i svært dårleg stand og der er vanskelege arbeidstilhøve for både tilsette og elevar. Bygningen har ikkje ventilasjonsanlegg, noko inneklimaet ber preg av. Lærarane har ikkje tilfredsstillande arbeidsplassar, og elevane manglar gruppe- og pauserom. I nye Ål kulturhus vil elevar og lærarar få gode undervisningstilhøve på same stad. Her vil elevane bli ein naturleg del av eit kreativt og inkluderande miljø, og dei vil få ein arena for nettverksbygging og språktrening. Dette vil vere positivt for integrering av nye innbyggjarar.

Flyktningtenesta vil også få lokale i det nye kulturhuset.

 

Frivilligsentralen

Frivilligsentralen er ein møteplass som formidlar kontakt mellom menneske i lokalmiljøet, der nokon treng hjelp og andre ynsker å hjelpe. I tillegg legg Frivilligsentralen til rette for at menneske kan møtast på tvers av alder, interesser, kultur og føresetnader.

I nytt hus vil Frivilligsentralen vere godt synleg og lett tilgjengeleg samstundes som det blir ei gunstig kopling mot bibliotek, kafé og møterom for alle brukarar og tilsette. Frivilligsentralen vil ha lokale rett ved nytt bibliotek, og både fellesareal og eigne møterom kan nyttast til aktivitetar som leksehjelp, seniordans og kulturkveldar.

Nesch-museet

Ål kulturhus har sidan 1993 husa ei stor permanent utstilling av Rolf Nesch-verk. Utstillinga er samla i eigne lokale i kjellaren på Ål kulturhus. Formålet er å gje publikum tilgang til eit representativt utval av Rolf Nesch sitt kunstnariske livsverk, på den staden han levde og arbeidde dei siste tjuefire åra av livet sitt. Samlinga er av stor kunstnerisk verdi og er ein uvurderleg skatt for kulturbygda Ål.

Samlinga omfattar i dag 80 kunstverk. I tillegg er det eit utval av antikke kunstgjenstandar og primitive skulpturar som tilhøyrde Rolf Nesch.

Utfordringa med dagens museum er at det ligg i kjellaretasjen på kulturhuset, og at publikum opplever det som lite tilgjengeleg. Dette har ført til svært låge besøkstal på museet. Ved å flytte samlinga til lokale i øvre foaje, vil museet bli mykje meir tilgjengeleg og fleire får høve til å sjå denne unike samlinga. 

Ål bibliotek

Biblioteket har til oppgåve å fremje kunnskap og kultur gratis til alle, og å vere ein uavhengig møteplass. Eit nytt bibliotek midt i hjarta av kulturhuset vil fylle denne rolla endå betre enn i dag. Med nærleik til kaféen kan ein lett setje seg ned med ein kaffikopp og ei avis eller eit tidsskrift frå biblioteket. Frå politikarane har ein tidlegare fått mandat til å lage ei større og betre ungdomsavdeling. Dette vil bli realisert i det nye biblioteket. I tillegg vil lokalsamlinga kome meir til sin rett. Når frivilligsentralen og vaksenopplæringa flyttar inn på kulturhuset, får biblioteket to viktige samarbeidspartnarar under same tak. Med lyse og luftige lokale, vil biblioteket bli ein god stad å vere for alle.

 

Foto: Nye Ål kulturhus (Mest Bygg/Årstiderne Arkitekter)

 

Ungdomsrom

Ungdomen i Ål er flittige brukarar av Ål kulturhus, men dei saknar eit eige areal for spel, prat og moro. I nye Ål kulturhus er det sett av eige rom til ungdommane samstundes som dei vil bli teke betre vare på både i biblioteket og i andre fellesareal. 

Ål turistinformasjon

Ål Utvikling/ Ål Turistinformasjon har i dag lokale i nedre etasje, rett ved dagens dansesal og nedre foajé. Romma er i dag litt for små og lokala er for lite synleg for publikum. Gjennom heile året og spesielt om sommaren er det mange besøkjande innom Ål Turistinformasjon for å få informasjon om ulike tilbod, overnatting  og aktivitetar i Ål.

Ettersom Ål turistinformasjon og Ål Utvikling har opne lokale ut mot nedre og øvre foajé er ikkje arbeidstilhøva tilrettelagt godt nok. Her er det mykje støy gjennom heile dagen frå mellom anna danseundervisning, reinhald og besøkjande på huset. Ved å skape kontor og kundeskranke i øvre foajé vil turistinformasjonen vera lettare tilgjengeleg/ betre synleg både for turistar og andre, samt at det vil gje betre arbeidstilhøve for tilsette.

Kreativ næringshage/utleigeplasser

Frå sumaren 2015 har Ål kulturhus tilbydd kontorlokale med gunstig leigepris til nyetablerte i kreativ- og kulturell næring. I nytt kontorfellesskap vil prosjektet bli vidareført, og dei som har behov kan leige plass for å hente inspirasjon og kunnskap frå andre i same næring.

 

Landsdelsscene for dans

VISJON: open og allsidig 

Landsdelsscene for dans i Hallingdal skal vera eit OPE og inkluderande dansens hus og ein spydspiss for norsk folkedans med både ei tradisjonell og moderne tilnærming, men òg ein arena for eit allsidig danseprogram. Det skal vera eit dansens hus der dans ikkje berre blir tilnærma isolert sett, men òg i samhandling med andre kunst- og kulturformer. 

MÅLSETTING: grundig, modig og levande

Dans og dansekultur skal bli tilnærma GRUNDIG. Ved å veksla mellom eit historisk og innovativt blikk på dans i skapingsprosessane, vil produksjonane ha eit bein i forsking og eit i produksjon. Vidare skal landsdelsscena romme MODIGE val av fremsyningar og prosjekt, med eit breitt mangfald. Dette skal vera eit LEVANDE dansens hus for ALLE!

STRATEGI: produksjon, framsyning og utvikling

Det er fem hovudsakelege satsningsområde for den nye landsdelsscena: Produksjon, framsyning, mangfald, rekruttering og publikumsutvikling

Profesjonalitet og rekruttering

Lansdelsscene for dans skal vere ein arena for profesjonell dans, men òg ein stad der profesjonelle og amatørar kan arbeide saman under heilprofesjonelle rammer. Rekruttering er eit fundament for at dansemiljøet og scena utviklar seg regionalt over tid, noko som igjen får ringverknader nasjonalt. Workshops og ”Dance-camps” med gjestelærarar og koreografar, vil vera med å løfte kompetansen og ikkje minst engasjementet. 

Nasjonal og regional arena

Aktiviteten på huset skal ha ei nasjonal tilnærming, med gjesteproduksjonar og koproduksjonar, så vel som eigenproduserte framsyningar eigna for turneverksemd. Gode samarbeidspartnarar på eit nasjonalt plan vil liggja som eit fundament. Det tekniske formatet på framsyningane bør vere eigna for landsdelscenen for dans i Ål, men bør også bli tilpassa vidare turneverksemd på eit nasjonalt plan.

 

 Foto: Norsk Kulturskuleråd