Om Rolf Nesch
Rolf Nesch vart fødd i 1893 i Ober-Esslingen, Württemberg i Tyskland. Han var allereie ein høgt respektert kunstnar
i heimlandet då han i 1933 flykta frå nazi-Tyskland og kunstsynet til nazistane og kom til Noreg.
Han hadde ein svært vanskeleg fyrste periode i Noreg, men etterkvart fekk han den respekten han fortente,
og han fekk snart stor innverknad på den yngre generasjonen kunstnarar her i landet. Nesch er internasjonalt kjend
som ein av dei store fornyarane innan grafikken, med metodar som gjennometsing og metallgrafikk.
Han hadde ein enormt stor produksjon som omfattar både grafikk, materialbilete, måleri, skulptur og teikningar.
Nesch var særleg kjent for å lage grafikkseriar med fleire motiv av same tema. Døme på dette er seriane
"St. Pauli", "Hamburger Brücken", "Karl Muck og hans orkester", "Sne" og "Lofoten .
I 1950 gifta han seg med skodespelarinna Ragnhild Hald og kjøpte året etter garden Rud i Ål.
Han døypte garden om til Ragnhildrud, og her budde og arbeidde han resten av livet sitt.
Rolf Nesch døydde i 1975.

